– Trussel: sovande lekfolk

 VIL HA DISIPLAR: – Det som truar kyrkjas framtid, er eit sovande lekfolk, seier Halvor Nordhaug. (FOTO: OLE ANDREAS HUSØY/KPK) Av Ole Andreas Husøy, KPK – Eg har ein visjon om ei folkekyrkje som skapar disiplar, ikkje berre medlemer. Kyrkjelydsmedlemene må ta større ansvar for kyrkja.Det sa praktikumsrektor på Menighetsfakultetet i eit fordrag i Jar menighet eit […]

  
VIL HA DISIPLAR: – Det som truar kyrkjas framtid, er eit sovande lekfolk, seier Halvor Nordhaug.
(FOTO: OLE ANDREAS HUSØY/KPK)

Av Ole Andreas Husøy, KPK

– Eg har ein visjon om ei folkekyrkje som skapar disiplar, ikkje berre medlemer. Kyrkjelydsmedlemene må ta større ansvar for kyrkja.
Det sa praktikumsrektor på Menighetsfakultetet i eit fordrag i Jar menighet eit par dagar før han vart utnemnd til biskop i Bjørgvin.
– Det som truar kyrkjas framtid, er eit sovande lekfolk, sa han.

Gå på eigne føter
Nordhaug sa han at mange kristne er som barn som ikkje har lært å gå. Andre har vore kristne for dei, og andre har drive kyrkjelyden for dei. Alt for mange kristne finn seg til rette i publikumsrolla og overlet drifta av kyrkja og kyrkjelyden til presten og andre tilsette medarbeidarar.
– Eit barn lærer ikkje å gå ved at det blir bore av foreldra, slår Nordhaug fast.
Han seier han er glad i folkekyrkja, men at mykje av folkekyrkja si krise i dag, er at presten ”er” folkekyrkja.
– Kyrkjehuset og presten som person er dei to søylene folkekyrkja kviler på for mange. Men det er eit for snevert grunnlag. Folkekyrkja treng og eit folk, seier Nordhaug.
Han meiner at ei fornying av gudstenesta og ei styrking av det diakonale arbeidet til kyrkja er to viktige satsingsområde for å gjere kyrkjelyden meir synleg. Gjennom gudstenestereforma vil fleire trekkast inn i gjennomføringa av gudstenesta. Presten skal framleis leie gudstenesta, men kyrkjelyden kjem meir til syne. Nordhaug trur og det mange stader blir aktuelt for kyrkja å starte omsorgsarbeid for folk som slit.

Meir levande?
Tema for foredraget til Nordhaug var ”Statskyrkjas død – nytt liv for kyrkjelyden?”
– Det er ingen automatikk i at kyrkjelydane blir meir levande, men eg trur at mange kyrkjelydar vil blir meir levande og myndige når statskyrkja er avvikla, seier Nordhaug som meiner det samstundes er realistisk å vente at nokre kyrkjelydar vil dø ut.  Han håpar likevel at sterke kyrkjelydar vil vere solidariske med kyrkjelydar som manglar ressursar.
– Statskyrkja høyrer fortida til, og det er på tide at statskyrkja og hamnar der. Kyrkja er i utgangspunktet kyrkjas eige ansvar, seier Nordhaug. KPK

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.